Kva for ein nettlesar bør eg bruke?
Open edX-plattforma fungerer best med dei nyaste versjonane av Chrome, Edge, Firefox eller Safari. Ho fungerer, men ikkje så veldig bra, på nettbrett og telefon.
Hovudmålgruppa for dette kurset er studentar ved universitet og høgskular, men kurset er ope for alle som ynskjer å heve kompetansen sin innan akademisk skriving.
Kva kan du lære gjennom å ta AkS? I dette kurset ynskjer vi at du får:
Du treng ingen forkunnskapar for å ta dette kurset.
Om du er ny student ved UiT, tilrår vi at du ventar med å logge deg inn til du har fått brukarnamn og passord til UiTs IT-system (din FEIDE-brukar). Klikk på Register oppe til høgre og vel Or sign in with: FEIDE. Det vil då bli oppretta ein ny konto for deg som er knytt til din FEIDE-brukar.
NB! Om du ikkje er student med FEIDE-brukar, må du registrere deg manuelt. Det gjer du ved å klikke på Register øvst til høgre på sida. Fyll ut skjemaet og klikk på Create an account for free.
AkS er utvikla av et kursteam ved Universitetsbiblioteket (UB) og Result ved UiT Noregs arktiske universitet:
Inga Bårdsen Tøllefsen. Førstebibliotekar og leiar av Skrivesenteret ved UiT. Oppteken av akademisk skriving på alle nivå, og av samspelet mellom skriveopplæring i faga og tilbodet hos Skrivesenteret. Alle kan lære seg å skrive godt, men det krev øving!
Cornel Borit. Førstebibliotekar og fagansvarlig for engelsk, pedagogikk og lærerutdanning, medie- og dokumentasjonsvitenskap og fredsstudiar. Er ein av redaktørane i PhD on Track og er oppteken av informasjonskompetanse og åpen utdanning.
Kristin Heggland. Rådgiver på UB, og biolog. Oppteken av skriving i naturfagene og av informasjonsvisualisering. Forskningsinteressene er systemøkologi, lokal tilpassing, evolusjon og ishavsåte (Calanus glacialis).
Ragnhild Bjørkås. Førstebibliotekar og fagansvarlig for fysikk og teknologi, og informatikk. Utdanna innan biologi og pedagogikk. Oppteken av open utdanning, akademisk skriving innanfor realfaga, og forskning som bidrar til å forstå/ta vare på naturen.
Christian Juri. Rådgiver på UB. Utdanna innan informasjonsdesign og sosialantropologi. Oppteken av brukarorientert design, visuell kommunikasjon og opne læringsressursar.
Mark Stenersen. Grafisk designar og rådgiver innen edTech og visuell kommunikasjon i nettbaserte løysingar. Hovudinteresser – alt er av interesse!
Open edX-plattforma fungerer best med dei nyaste versjonane av Chrome, Edge, Firefox eller Safari. Ho fungerer, men ikkje så veldig bra, på nettbrett og telefon.
Eksamen består av 40 fleirvalsoppgåver, og du må ha 80 % av desse rette for å få bestått. Hugs å hente ut kursbeviset etter fullført kurs dersom du skal bruke AkS som eit arbeidskrav på studiet ditt. Les meir om eksamen i introduksjonen til kurset, og i starten av eksamensseksjonen.
Akademisk skriving er lisensert under CC BY 4.0. Innhaldet i dette kurset må reknast som underlagt denne lisensen såframt ikkje anna er oppgitt.